Solid børsoppgang verda over

Asiatiske børsar gjekk solid i pluss fredag, dei europeiske følgde etter og også i USA teikna det til kraftig oppgang.

Nikkei-indeksen i Tokyo steig med 2,6 prosent fredag og Hang Seng-indeksen i Hongkong enda 2,7 prosent opp. 

Optimismen spreidde seg til Europa der FTSE 100-indeksen i London steig med 2,6 prosent, CAC 40 i Paris med 2,5 prosent og DAX i Frankfurt med 2,1 prosent. 

Nasdaq-indeksen i New York låg 4,2 prosent opp etter knappe tre timars handel, Dow Jones med 1,7 prosent og S&P 500 med 2,7 prosent. 

(©NPK)

ANNONSE
Annonse