Annonse

Solid norsk hoppkvalifisering i Russland

Noreg hadde tre hopparar blant dei seks beste i kvalifiseringa til verdscuprennet på laurdag i Nizjnij Tagil i Russland. Halvor Egner Granerud vart nummer to.

Det var berre Markus Eisenbichler som kom føre Granerud på resultatlistene fredag ettermiddag. Tyskaren fekk 2,3 poeng meir enn mannen som vann rennet i Finland sist søndag.

Granerud landa på 131,5 meter, medan Marius Lindvik på femteplass greidde 128. Rett bak følgde Robert Johansson etter eit svev på 130 meter.

Johann Forfang vart nummer 11 som Noregs fjerde beste i kvalifiseringa. Tromsværingen stoppa på 123 meter i bakken.

Deretter følgde Daniel-André Forfang på 25.-plass. Anders Håre og Sander Vossan Eriksen vart høvesvis nummer 29 og 36.

To verdscuprenn blir avvikla i Nizjnij Tagil denne helga.

(©NPK)

Halvor Egner Granerud var nest best i hoppkvalifiseringa i Russland fredag. Foto: Emmi Korhonen / Lehtikuva / AP / NTB