Annonse

Solskjær må vente fleire veker på Fellaini

Ole Gunnar Solskjær seier at det er fleire veker før Marouane Fellaini er tilbake i spel. Belgiaren slit med ein ankelskade. Alexis Sánchez er derimot klar.

Annonse

Solskjær snakka om skadesituasjonen under pressekonferansen sin før heimekampen fredag mot Brighton, der han jagar siger nummer sju på rad som Manchester United-manager.

Han sa ifølgje nettstaden til klubben at Chris Smalling og Marcos Rojo så vidt har byrja løpetrening, men at dei enno ikkje er klare for fotballspel.

- Felli er den som er ute i lang tid. Han kjem til å vere ute fleire veker, sa Solskjær, som til MUTV avslørte at det er ein skade i leggen som plagar Fellaini.

Smalling og Rojo har enno ikkje spelt for United under Solskjær, mens Fellaini har berre to innhopp.

Solskjær sa at han håper å ha Alexis Sánchez tilgjengeleg mot Brighton. Spissen har slite med ulike småskader dei siste månadene og måtte bytast ut i FA-cupkampen mot Reading tidlegare i månaden.

- Alex har trena heile veka, og dersom det går greitt på den siste treninga i dag vil han kunne spele, sa Solskjær.

Forresten sa han at helsetilstanden i troppen er god, og at alle er tilgjengelege. Det gjeld òg Eric Bailly, som har sona ferdig utestenginga si på tre kampar.

(©NPK)

Ole Gunnar Solskjær sa fredag at Marouane Fellaini er ute med skade i fleire veker framover, men han håper å ha Alexis Sánchez klar igjen mot Brighton søndag. Foto: Rui Vieira, AP / NTB scanpix