Annonse

Solskjær tok grep for å få United-spelarane i betre form

Manchester United-manager Ole Gunnar Solskjær har måtta snu om på mykje for å auke den fysiske kapasiteten til spelarane ute på bana.

Lokalavisa Manchester Evening News skriv om store endringar hos Manchester United sidan nordmannen tok over leiinga.

Eitt av problema Solskjær skal ha identifisert då han tok over United, var det at spelarane ikkje var uthaldande nok. Etter ei skuffande avslutning på sesongen, er det gjort store endringar i klubben.

Tilsettingar

Mellom anna har det vorte skifta ut personell. Solskjærs tidlegare assistent Warren Joyce skal ha hatt ein finger med i spelet, og United har henta inn mellom anna ein ny fysisk trenar og ein ny forskar til å analysere det spelarane presterer.

På dei ni dagane laget var i Australia, gjennomførte dei 14 treningsøkter, skriv Manchester Evening News. Dei trena mellom anna også på morgonen før møtet med Perth Glory. Mykje av tida blir òg brukt på skadeforebyggande trening.

- Vi jobbar hardare enn nokosinne for å få ting rett. Treningane har vore ganske tøffe, men det trengst, skal eg vere ærleg. Viss vi samanliknar det med same tidspunkt i fjor, er vi i mykje betre form, seier Marcus Rashford til The Telegraph.

- Spesielt Ole ønsker at vi jobbar veldig hardt. Men treningsøktene har vore veldig bra og kampforma er på veg, seier Luke Shaw til Manchester Evening News.

Betring

Og United har sett friske ut så langt i treningskampane. Det har vorte sigrar mot Perth Glory, Leeds og Inter.

Lokalavisa skriv at laget har hatt ti prosent betring i talet på meter dei spring, og endå høgare auke på løp med høg intensitet.

Med til historia høyrer det rett nok at det i fjor sommar var VM, og at fleire stjerner ikkje var med på dette tidspunktet.

United speler sin neste treningskamp torsdag. Då møter laget Tottenham i Shanghai. Deretter ventar kamp mot Kristiansund i Oslo 30. juli.

(©NPK)

Manager Ole Gunnar Solskjær frå kampen i Champion Leauge mellom Manchester United og Barcelona. Mike Phelan (th). Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix