Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Karna Solskjær og Manchester Uniteds U21-lag sikra seg onsdag seriemeisterskapen etter å ha slått Chelsea 3-1. I mars vann United-kvinnene òg cupen.
stian.grythaugen@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 29.04.2022 kl 11:49
Ligaen vart avgjord over to kampar, der United vann 6-2 samanlagt over Chelsea. Karna Solskjær spelte frå start i begge oppgjera.
Ifølgje Tidens Krav var både pappa Ole Gunnar og mamma Silje på tribunen då dottera og lagvenninnene kunne heve ligatrofeet.
Tittelen var den andre på kort tid for United-kvinnene. I mars slo de Birmingham 4-1 i cupfinalen.
Karna Solskjær har prestert godt i United-trøya den siste tida. I januar i år fekk ho sine første minutt for A-laget i FA-cupkampen mot Bridgewater. Den kampen vann United 2-0.
(©NPK)
Ole Gunnar Solskjær kunne onsdag denne veka sjå dottera Karna sikre seg sitt andre trofeet denne sesongen med Manchester Uniteds U-21-lag. Foto: Audun Braastad / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.