Søndag skjer det igjen – difor stiller vi klokka

Sidan i vår har klokka vore stilt éin time fram. Klokka 3 natt til søndag får vi timen tilbake og går tilbake til normaltid.

Det går mot mørkare og kaldare tider. Når vi stiller klokka tilbake igjen, blir det lysare om morgonen og raskare mørkt på ettermiddagen enn ved sommartid.

Men vi har ikkje alltid stilt klokka, og ordninga med sommartid og normaltid kan bli avvikla innan få år. EU-kommisjonen gjekk i 2019 inn for eit forslag om å avvikle sommartid, men Rådet har ikkje vedteke forslaget som EU-kommisjonen har lagt fram. Dermed er det førebels ikkje klart om ein vil jobbe vidare med forslaget i EU.

Men skulle det bli vedteke, er det opp til kvart enkelt land å bestemme om landet skal bruke sommartid eller vintertid som normaltid. Det kan føre til auka tidsforskjellar i Europa.

I dag bruker over 70 land sommartid, det vil seie mindre enn 40 prosent av landa i verda. Blant nabolanda våre gjeld dette Sverige, Finland og Danmark, medan Island og Russland ikkje har sommartid.

Innført og avvikla ei rekkje gonger

Dei siste 100 åra har sommartid, som ein kallar tidsforskyvinga, vore innført og avvikla ei rekkje gonger i Noreg.

Sommartid vart første gong innført i Noreg i 1916. Ordninga vart vidare gjenoppteken frå 1940 til 1945 og frå 1959 til 1965, og ho vart innført på nytt i 1980.

Datoane for innføring av sommartid vart òg endra i 1996, slik at den norske klokka skulle stillast samtidig som i andre europeiske land.

Ordninga har vore omstridd. Grunngivinga for å stille klokka om våren var opphavleg å få lengre og lysare kveldar om sommaren, i tillegg til å spare energi. Nokre land innførte sommartid under første verdskrigen for å spare kol, men nyare studiar viser at ein i dag sparer svært lite straum på å ha sommartid.

Ei anna hensikt er å utnytte dagslyset betre i perioden av døgnet ein normalt er vaken.

Fleire vil kutte ut sommartid

Eit argument mot å stille klokka er mellom anna at dyra har innebygde klokker, og at bøndene derfor må bruke tid på overgangen. Bondelaget er blant dei som meiner den beste løysinga hadde vore å kutte ut sommartida.

Eit anna argument er at fleire undersøkingar har vist at å kutte ein times søvn om våren når vi går inn i sommartid, kan ha uheldige effektar på helsa.

I 2018 arrangerte NRK ei uhøgtideleg digital spørjeundersøking om sommartid. I undersøkinga, som fekk over 50.000 svar, svarte ni av ti at dei vil ha normaltid heile året eller ha sommartid som normaltid.

Slik hugsar du kva veg klokka skal stillast

Eit spørsmål som dukkar opp hos mange både om hausten og våren, er kva veg klokka skal stillast.

Ein hugseregel er at ho skal stillast mot næraste sommarferie. Om våren lengtar ein fram mot sommarferien, medan ein om hausten lengtar tilbake til han.

Ein annan hugseregel er at ein skal tenkje på hagemøblane. Om våren set ein dei fram, og om haustar set ein dei tilbake til lagring.

(©NPK)

Til helga er sommartida over, og det er igjen tid for å stille klokka. Og om du lurer; klokka skal stillast tilbake. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK