Annonse

Sør-Afrika reagerer sterkt på reiserestriksjonar

Sørafrikanske helsestyresmakter reagerer på det dei meiner er overdrivne reaksjonar frå omverda etter at ein ny virusvariant er påvist i det sørlege Afrika.

Helseministeren i landet Joe Phaahla fordømmer reiserestriksjonane som ei rekkje land, blant dei Noreg, har innført mot Sør-Afrika og seks naboland.

– Desse reiserestriksjonen er fullstendig imot normer og standardar sett av WHO, seier han på ein pressekonferanse fredag, ifølgje Reuters.

Han oppmodar samtidig sørafrikanarar til å ta vaksine. Sør-Afrika har berre fullvaksinert 23,8 prosent av innbyggjarane, men toppar likevel lista på kontinentet sidan mange andre afrikanske land knapt har komme i gang med vaksinasjon.

Styreleiar i den sørafrikanske legeforeininga, Angelique Coetzee, kallar dei internasjonale reaksjonen for «storm i et vassglas», ifølgje BBC.

(©NPK)