Annonse

Sør-Korea og USA einige om rakettplanar

(NTB-AFP-AP): Sør-Korea og USA er einige om å sette opp eit nytt antirakettsystem i Sør-Korea. Avgjerda har ført til reaksjonar i Kina.

Dei to partane begynte forhandlingane om å sette opp eit såkalla THAAD antirakettsystem på Korea-halvøya i februar, ein månad etter at Nord-Korea gjennomførte si fjerde atomprøvesprenging.

Forsvarsdepartementa i USA og Sør-Korea skriv i ei felles fråsegn at landa har inngått ein felles allianse for å sette opp THAAD som ein forsvarsmekanisme for Sør-Korea og innbyggjarane der.

Kina, Russland og Nord-Korea er kritiske til planane. Kina seier utplasseringa vil gjere «alvorleg skade» på den regionale tryggleiken nordaust i Asia. (©NPK)

Annonse