Annonse

Søreide møter Pompeo og Bolton

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) besøkjer USA der ho denne veka skal ha samtalar med utanriksminister Mike Pompeo og sikkerheitsrådgjevar John Bolton.

Annonse

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) besøkjer USA der ho denne veka skal ha samtalar med utanriksminister Mike Pompeo og sikkerheitsrådgjevar John Bolton.

- God dialog med sentrale aktørar i Washington er viktig, seier Eriksen Søreide.

- Regelmessig kontakt på politisk nivå gir moglegheit til å utveksle synspunkt og analysar og til å diskutere aktuelle utanriks- og sikkerheitspolitiske spørsmål, seier ho.

Tysdag er utanriksministeren ein av hovudtalarane under FNs høgnivåmøte om menneskerettsforsvararar i New York.

- Noreg har hatt ei leiarrolle i FNs arbeid for å verne menneskerettsforsvararar heilt sidan FN-fråsegna om dette vart vedteke for 20 år sidan, seier Eriksen Søreide.

- Kvar dag gjer modige menneskerettsforkjemparar verda over ein viktig jobb for å bidra til fredelegare og meir inkluderande samfunn. Likevel ser vi at stadig fleire blir utsette for overgrep og drap. Dette er ein trend vi må snu, seier ho.

(©NPK)

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) besøker USA denne veka. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix