Annonse

Søreide møter utanriksministrane frå Russland og USA

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) møter kollegaene Antony Blinken og Sergej Lavrov i Arktisk råd på Island denne månaden.

Under møta 19. og 20. mai blir også 25-årsjubileet for Arktisk råd markert.

– Eitt av måla for møtet på Island er å få på plass ein strategi for Arktisk råd. Med ei ny regjering i USA som igjen har fokus på klimaendringar, er håpet å lykkast med dette, seier Søreide.

Russland overtek i mai formannskapen i rådet, og det er venta at landet dermed vil stille mannsterkt opp.

– Dette er ein sjanse til å styrkje rolla for landet vårt som koordinator og initiativtakar til mange program i regionen, sa forsvarsminister Sergej Sjojgu i april.

Landet planlegg mellom anna å bruke nye isbrytarar for å gjere Arktis farbar for skipsfart gjennom heile året.

Rådet er eit viktig forum for samarbeid mellom dei arktiske statane. Her møtest landa som grenser til eller har interesser rundt Arktis, for å snakke om tema som handlar om området.

I tillegg til Island, Noreg, Russland og USA er også Danmark, Sverige, Finland og Canada medlemmer.

(©NPK)

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) reiser til Arktisk råd på Island i mai.
Foto: Berit Roald / NTB