Annonse

Søreide: – Positivt med normalisering mellom Emirata og Israel

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) meiner normaliseringa mellom Emirata og Israel er positivt, og åtvarar igjen mot annektering av Vestbreidda.

– Vi ønskjer velkommen alle bidrag til fredelege relasjonar i regionen. No vil vi sjå grundigare på kva dette inneber, seier ho og legg til:

– Noreg har fleire gonger åtvara mot israelsk annektering av delar av Vestbreidda. Det er berre ei tostatsløysing i tråd med folkeretten som kan skape varig fred mellom palestinarane og israelarane.

Torsdag vart det kjent at Dei sameinte arabiske emirata inngår ein avtale med Israel om å normalisere forholdet under føresetnad av at Israel skrinlegg planen om annektere delar av den okkuperte Vestbreidda.

(©NPK)

Ine Eriksen Søreide (H) ønskjer alle bidrag til fredelege relasjonar i Midtausten velkommen.
Foto: Annika Byrde / NTB scanpix