Søreide: Russiske styrkar i nord utfordrar NATO

Russiske øvingar som inkluderer simulerte angrep på norske mål, bidreg ikkje til betre samband eller dempa spenningsnivå, åtvarar Noregs utanriksminister.

Russlands militære opprusting har i kombinasjon med den viljen landet beviseleg har til å bruke militærmakta, skapt ny uvisse om intensjonane deira, poengterer utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).

Ho trekkjer fram inntrykk frå besøket sitt i Aust-Ukraina sist veke.

- Konflikten er framleis i gang for fullt. Eg såg kva øydeleggingane og lidingane ein konflikt i hjartet av Europa fører med seg. Russlands handlingar i Ukraina har endra den tryggingspolitiske situasjonen i Europa. Vi har saman med alliansepartnarane våre respondert på ein avmålt og gjennomsiktig måte, seier Søreide.

- Dette er svært viktig, også ut frå eit nasjonalt perspektiv. Kolahalvøya er stadig heimebase for store delar av dei strategiske styrkane i Russland. Sjølv om vi ikkje ser på Russland som ein militær trussel mot Noreg, er det klart at desse styrkane representerer ei strategisk utfordring for NATO, slår ho fast.

Bekymra

I ein breitt disponert tale om Noregs forhold til Russland hos Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) fredag understreka Søreide at den militære revitaliseringa i nord gjer området endå viktigare for Russland. Ho viste til at NATO med Noreg i ei pådrivarrolle har tilpassa seg ein ny situasjon i eit Arktis som blir stadig meir strategisk viktig.

- Sjølv om vi erkjenner at Russlands militære aktivitet i nord ikkje primært er rett mot Noreg, kan vi ikkje oversjå det som skjer så nær landområda våre, seier ho.

- Vi held fram å følgje nøye og bekymra med på den vedvarande oppbygginga av styrkar, utplasseringa av nye våpensystem og den meir pågåande aktiviteten like ved oss i nord.

Auka spenningar

Utanriksministeren kom òg inn på at den russiske øvingsaktiviteten ikkje nødvendigvis bidreg til å dempe spenningsnivået.

- Øvingar som inkluderer simulerte angrep på norske mål, bidreg ikkje til betre samband eller dempa spenningsnivå, seier ho.

I eit foredrag i vår presenterte etterretningssjef Morten Haga Lunde radar-utskrifter av russiske kampfly som trenar på å angripe norske mål, ifølgje VG.

Biletet av russisk opprusting og kraftig auka aktivitet i nord kom òg fram i den opne trusselvurderinga til E-tenesta i vår.

«Utanlandske agentar»

Parallelt med konflikten mellom Russland og Vesten går det tosidige norsk-russiske samarbeidet innanfor miljøvern, fiskeri og atomtryggleik sin gang.

- Takka vere dei institusjonane vi har skapt saman, har samarbeidet vårt med Russland klart seg gjennom ein del politiske stormkast, seier Søreide.

Samtidig tok ho for seg ein del urovekkjande trekk rundt den politiske utviklinga i Vladimir Putins Russland. Ho viste til at rommet for sivilsamfunnet blir stadig mindre, men at Noreg vil halde fram med å støtte innsatsen for demokrati og rettar.

- Når organisasjonar får status som utanlandske agentar fordi dei samarbeider med norske partnarar eller får støtte frå norsk hald, bidreg ikkje det til sambanda våre. Det er beklageleg, seier utanriksministeren.

Søreide understrekar òg at talet på norske selskap i Russland er fallande, både på grunn av vestlege sanksjonar, men òg på grunn av eit vanskeleg investeringsklima og vanskar dei norske føretaka opplever i landet.

(©NPK)

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) gjorde greie for Noregs forhold til Russland i ein breitt disponert tale hos Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) fredag. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...