Sossen Krohg er død

Oslo (NTB): Skodespelar Sossen Krohg er død, 92 år gammal, melder NRK.

Sossen Finne Anker Krohg var fødd 18. desember 1923 i Kristiania. Ho er dei siste åra kanskje mest kjend som Astrid Anker-Hansen i TV 2s såpeserie Hotel Cæsar.

Ho blei tilsett ved Det norske teatrets teaterskole etter at ho tok eksamen i 1946. Ho blei seinare tilsett ved Folketeateret, der ho var fram til 1960.

Ho var med på oppstarten av Club 7 i Oslo i 1966. Hun var tilsett der fram til 1985.

Krohg har blant anna spilt Anitra i «Peer Gynt» og Irma i «Den gale frå Chaillot».

Ho har også hatt fleire roller i norske filmar etter debuten i «Døden er eit kjærteikn» i 1949. (©NPK)

Annonse