Annonse

Sovande soldat i telt overkøyrd av stridsvogn i Sverige

Ein kvinneleg svensk soldat, som låg og sov i eit telt, omkom då ho vart overkøyrd av ei stridsvogn under ei øving i Nord-Sverige.

Kvinna, som var i byrjinga av 40-åra, deltok i øvinga Northern Wind då ulykka skjedde utanfor Överkalix i Norbotten i 1-tida natt til måndag.

- Det skal no undersøkast korleis denne tragiske hendinga kunne skje, seier etterforskingsleiar Aino Pietilä til Aftonbladet.

Fleire andre soldatar oppheldt seg ifølgje avisa i teltet då det vart treft av stridsvogna, men dei skal ha sloppe uskadde frå ulykka.

Sveriges forsvarsminister Peter Hultqvist og forsvarssjef Micael Bydén beklagar begge ulykka og seier at tankane deira går til pårørande til kvinna.

Ifølgje den svenske forsvarsleiinga kjem øvinga Northern Wind til å fortsetje som planlagt etter ein mindre pause som følgje av ulykka.

Forutan 3.000 svenske soldatar deltar også drygt 7.000 soldatar frå Noreg, Finland og Storbritannia under vinterøvinga.

(©NPK)