Annonse

Sp: Hydro-samarbeid er eitt av dei viktigaste industripolitiske grepa på mange år

Sps Geir Pollestad meiner Hydro og Lyses nye vasskraftselskap er eit viktig grep og at det aktualiserer spørsmålet om at staten bør auke eigarskapen i Hydro.

– Dette er eitt av dei viktigaste og største industripolitiske grepa som er gjorde i Noreg på mange år. Dette sikrar Hydro tilgang på sin eigen straum, samtidig som vasskrafta kjem under offentleg eigarskap og kontroll, seier Pollestad, som er næringspolitisk talsperson for Senterpartiet, til NTB.

Samtidig meiner han samarbeidet aktualiserer spørsmålet om staten gjennom oppkjøp bør auke eigarskapen sin i Hydro frå dagens 34 prosent.

– Dette for å styrkje den offentlege eigarskapen til vasskrafta – samtidig som Hydro får moglegheit til å utvikle seg vidare, seier Pollestad.

(©NPK)

Næringspolitisk talsperson i Senterpartiet, Geir Pollestad, meiner at det nye felles vasskraftselskapet til Hydro og Lyse er eit viktig industripolitisk grep. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB