Annonse

Sp-representantar blir fristilte i abortsaka

Sp vil ikkje forhandle om abort med dei raudgrøne etter valet. Partiet vil heller søkje breitt forlik i Stortinget.

Sps parlamentariske leiar Marit Arnstad slår fast at Senterpartiets stortingsrepresentantar vil stå fritt til å stemme over om abortlova skal utvidast eller ikkje.

– Vi har ein femtiårig tradisjon for å stille fri representantane våre i samvitsspørsmål, seier Arnstad til Klassekampen.

Arnstad seier at i abortsaka generelt vil alle vere tente med eit forlik eller ei ordning som kan stå seg over tid.

Fredag sa Sp-nestleiar Ola Borten Moe til VG at abort ikkje bør bli ein del av regjeringsforhandlingane etter valet, dersom dei raudgrøne skulle komme i posisjon. Også Kjersti Toppe, Sps helsepolitiske talsperson, har åtvara mot å forhandle om abortlova.

Både Ap og SV vil avvikle abortnemndene og utvide grensa for sjølvbestemd abort, Ap til 18 veker og SV til 22.

Sp kan avgjere om det blir stortingsfleirtal for å utvide retten til sjølvbestemd abort til veke 18. I utkastet til nytt partiprogram, som Sp skal vedta på landsmøtet sitt i juni, står det at partiet vil behalde dagens abortlov.

(©NPK)

Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad seier at i abortsaka generelt vil alle vere tent med eit forlik eller ei ordning som kan stå seg over tid. Foto: Torstein Bøe / NTB