Annonse

Spania håpar å vaksinere minst ein tredel av befolkninga innan juni

Ein tredel av den spanske befolkninga skal vere vaksinert mot koronaviruset innan juni dersom alt går etter den planen dei spanske styresmaktene la fram fredag.

I den første fasen, eller dei to første månadene av vaksinasjonen, skal rundt 2,5 millionar få vaksinen, seier statsminister Pedro Sánchez. Vaksinasjonen startar i januar.

I den første fasen er det eldre på sjukeheimar, og helsearbeidarar som skal prioriterast.

Den andre fasen varer frå mars til juni, og då vil mellom 15 og 20 millionar spanjolar få vaksinen, seier statsministeren. Han spesifiserer ikkje kven som vil få tilbod om vaksinen i fase to.

– I den tredje fasen, som kjem når vaksinane er meir tilgjengelege, blir det mogleg å vaksinere heile befolkninga, seier Sánchez.

(©NPK)

Spanjolane er nøye med munnbind i sentrum av Madrid, sjølv om avstanden til andre er stor. Foto: Manu Fernandez / AP / NTB