Annonse

Spania med ny arrestordre for ekspresidenten i Catalonia

Ein spansk dommar har skrive ut ein ny internasjonal arrestordre for den tidlegare presidenten i Catalonia, Carles Puigdemont, som drog i eksil i 2017.

Puigdemont flykta til Belgia for å unngå straffeforfølging då den spanske regionen ikkje lukkast med forsøket sitt på å lausrive seg frå Madrid.

Grunnlaget for arrestordren er den eksisterande tiltalen om oppvigling og misbruk av offentlege midlar. Han vart utskriven kort tid etter at høgsterett i Spania dømte 12 katalanske leiarar, 9 av dei til lange fengselsstraffer, for skuldingar knytt til sjølvstendekampen.

Puigdemont reagerte hardt på dei strenge dommane mot dei tidlegare regjeringskollegaene sine.

- Hundre år til saman. Ein skandale, skreiv han på Twitter.

(©NPK)

Tidlegare regionspresident i Catalonia, Carles Puigdemont, heldt ein tale utanfor EU-parlamentet 1. oktober. - No er det på tide å reagere som aldri før, sa han om fengselsdomane som fall mot tidlegare regjeringskollegaer måndag. Foto: Francisco Seco / AP / NTB scanpix