Klargjør siden...
Annonse

Spansk trålar tatt for botntråling i naturreservat

(NPK-NTB): Kapteinen på eit spansk fartøy har fått ein bot på 40.000 kroner og reiarlaget ei inndraging på 200.000 kroner etter at fartøyet fiska med botntrål i Nordaust-Svalbard naturreservat.

Det var Kystvakta som oppdaga at trålaren hadde fiska innanfor grensene til naturreservatet. Sysselmannen vart varsla og fartøyet stansa, opplyser Sysselmannen.

– Mange tenkjer kanskje ikkje over at dei store verneområda på Svalbard også er oppretta for å ta vare på det marine miljøet. Forbodet mot botntrål skal verne livet på havbotnen, og det er viktig at brot på vernereglane blir følgde opp, slik det er gjort i denne saka, seier miljøvernsjef Knut Fossum.

Botntrål gir store skadar på havbotnen og er derfor ulovleg å bruke i naturreservatet.

Både bota og inndraginga er vedtatt, opplyser Sysselmannen.

Dårleg kartgrunnlag skal ha vore årsaka til at trålaren hamna innanfor grensene til naturreservatet. (©NPK)