Annonse

Real Madrid stadfestar negativ koronatest for Ødegaard og lagkameratane

Martin Ødegaards andre koronatest er negativ, ifølgje sportsavisa Marca. Han skal ha avlagt ei prøve måndag som var positiv.

Annonse

Radioprogrammet El Transistor i Spania og fleire andre medium melde om den påståtte positive prøva til nordmannen seint tysdag kveld.

– Ødegaard har avlagd ein positiv test etter at han kom tilbake frå San Sebastián i går. Klubben ventar på ein ny test for å få stadfesta den første positive testen, heitte det i ei Twitter-melding frå kanalen.

Onsdag morgon kom så opplysninga om Ødegaards negative andretest. Det melde Marca. Han skal truleg avleggje endå ein test torsdag.

Real Madrid stadfestar på nettsidene sine at alle spelarane og leiarane til klubben har testa negativt etter den siste runden med testar.

Søndag fekk nordmannen tillit frå start for Real Madrid i kampen mot gamleklubben Real Sociedad i San Sebastián.

Det kan finnast såkalla «falske» positive prøver. Dersom det stemmer at Ødegaard først avla ein positiv test, må han testast ytterlegare éin gong. Er den neste testen òg negativ, vil han vere klar for å trene med laget og kunne spele mot Betis til helga i La.

Nyheita kjem 16 dagar før Noreg skal spele ein avgjerande kamp mot Serbia i EM-omspelet i Oslo 8. oktober. Ødegaard stod over førre landslagssamling for å bli kampklar igjen etter ein langvarig kneskade.

Derfor er nyheita onsdag svært positiv for landslagssjef Lars Lagerbäck.

I midten av september vart det meldt at Ødegaard var i fin framgang etter ein trøblete periode med jumpers knee-smerter.

(©NPK)

Real Madrids Martin Ødegaard testa først positivt, så negativt på korona, ifølgje spanske medium. Her i søndagens kamp mot gamleklubben Real Sociedad. Foto: Alvaro Barrientos / AP / NT