Annonse

Sparebank 1 og DNB slår saman forsikringsverksemdene

Eit nytt forsikringsselskap blir danna når Sparebank 1 og DNB slår saman forsikringsavdelingane sine.

Annonse

Avtalen mellom dei to bankane vart inngått måndag.

- Vi vil med dette skape eit av dei største forsikringsselskapa i landet, heiter det i ei pressemelding frå Sparebank 1 SMN.

I transaksjonen er det nye skadeselskapet verdsett til 19,75 milliardar kroner, inklusive verdien av personrisikoprodukt som blir overførte frå dei respektive livselskapa til det nye selskapet.

(©NPK)