Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Pep Guardiola var ikkje nøgd med spelarmaterialet og leiinga i Bayern München, hevdar den tyske avisa Bild. Avisa skriv det er grunnen til at spanjolen forlét trenarjobben i storklubben.
npk@npk.no
Publisert: 28.12.2015 kl 13:23
I ei sak formidla vidare av Aftonbladet skriv den tyske avisa at Guardiola skal ha hamna i bråk med klubbleiinga då han i sommar bad om å få kjøpe ein høgreback. Leiinga svarte med å hente midtbanespelaren Arturo Vidal frå Juventus.
«Under eit møte med klubbformann Karl-Heinz Rummenigge sa Guardiola: Det her er som eit slag i ansiktet på meg», skriv Bild.
Guardiola ønskte også hente spelarar som Luis Suárez, Kevin De Bruyne og Marco Verratti.
«Guardiola fekk ikkje dei spelarane han trengde for sin filosofi», skriv avisa vidare, og hevdar at Guardiola klaga på utviklinga i klubben.
Tidlegare Bayern-trenar Ottmar Hitzfeld har gått ut og kritisert Guardiola i eit intervju med sveitsiske Blick.
– Guardiola fokuserer berre på taktikk. Han klarer ikkje handtere menneskelege relasjonar med laget, seier Hitzfeld.
Guardiola forlèt Bayern München etter inneverande sesong. Då tek Carlo Ancelotti over roret. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.