Møre

Møre

Tinestafetten:

Samla 1.000 menneske

Heiagjeng og deltakarar frå 6a ved Øyra skule var nøgde med fjerdeplassen. Foto: Ingvild Runde

I eit fantastisk vêr var skulane i Volda og Ørsta samla til Tine-stafett tysdag. Staden var Ørsta stadion. Det vrimla av glade og spente born og ungdom. Mykje publikum var der også.

Møre
Møre

Publisert:

Sola steikte over friidrett-stadion i Ørsta tysdag i det dei første deltakarane marsjerte inn. På tribunen og langs bana stod foreldre, lærarar og heiagjengane. For første gong var speakerbuda plassert på den andre sida av stadion, dette sidan fleirbrukshallen no tek form. Det var rekordpåmelding, men ikkje alle møtte, så 51 lag tok del.

– Dette er på same nivået som det har vore dei siste åra, seier Olve Øyehaug frå Ørsta IL friidrett som var teknisk arrangør.

Som vanleg kom dei yngste deltakarane inn først, og etter kvart dei eldre. Alle hadde ein representant frå Ørsta IL friidrett som gjekk i front kledd i oransje t-skjorte.

Denne gongen var lyden på korpsmusikken og speakeren klarare enn før. Noko som var ei positiv oppleving.

Sentrumsskulane i Ørsta generelt best

Laga frå Ørsta sentrum gjorde det generelt best, men Mork skule kom på førsteplass i open klasse med tida 4.35.58. I open klasse for ungdomsskulane var det berre to lag som stilte, begge var frå Ørsta ungdomsskule. Her vart det sett meisterskapsrekord med tida 3.55.84.

For sjette trinn kom Velle sitt førstelag på første plass med tida 4.67. 28. Andrelaget frå Velle kom på andreplass, Vikemarka sitt lag kom på tredje og Øyra 6b tok fjerdeplassen.

Voldingane følte nesten dei kom på tredjeplass, sidan dei to beste laga begge var frå Velle. Sjetteklassingane frå Øyra var i alle fall veldig nøgde med plasseringa.

– Har de trena mykje?

– Vi har berre øvd i gymnastikktimane, seier Edina Grønnmo Ajdinovic, som på fritida driv med ballett.

Fleire av gutane frå 6b på Øyra sparkar fotball og får øvd seg på å springe der. To av desse var Abdo Hosni og Oskar Rindal.

Torstein Knardal var med på Tinestafetten for første gong. Han syntest det var skikkeleg gøy. Alle hadde vore litt spente på førehand.

For 7. trinn var det Velle sitt 3. lag som tok sigeren med tida 4.09.71, med Vikemarka 7b på andre, Vikemarka 7b kom på tredje og Bratteberg 1. på fjerdeplass.

Alle som deltok fekk drikke og t- skjorte med Tine. På landsplan var 110.000 deltakarar med på stafetten i år.

Heiagjengane viktige

Alle laga stilte også med heiagjeng. Ein liten komité gjekk rundt for å sjå kor dei hadde kledd seg ut, korleis plakatane såg ut og kor flinke dei var til å heie. Det var 6b frå Vikemarka som vann denne tevlinga. Møre sin utsende syntest det var mange flinke heiagjengar. Elevane frå Mork hadde lagt mykje flid i kostyma sine. Frå Øyra skule i Volda hadde lærar Arlen Ose Sæther med seg ein blid gjeng.

– Har de gleda dykk?

– Ja, gjett om vi har. Vi har kutta i undervisninga for å lage plakatar og trena på heiarop, svarer den unge læraren.

Linnea Uglebakken, Andreas Nymark, Benedikte Ervik, Selama Hailab og lærar Arlen Ose Sæther var heiagjengen til 7b. Foto: Ingvild Runde

Sjå fleire bilete i papiravisa laurdag.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...