Annonse

Fleire koronainnlagde på norske sjukehus

Torsdag er 29 koronapasientar innlagde på norske sjukehus, viser tal frå Helsedirektoratet. Det er tre fleire enn onsdag. Tre pasientar er i respirator.

Annonse

Tala frå Helsedirektoratet viser at talet på pasientar i respirator er det same som dagen før.

8.477 personar har fått påvist smitte av koronaviruset, viser Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) torsdag. Det er ein auke på 22 frå dagen før.

238 koronadødsfall var torsdag morgon meldt til Folkehelseinstituttet (FHI). Gjennomsnittsalderen på dei døde er 82 år, og 54 prosent er menn. FHI presiserer at det ikkje alltid er mogleg å vite om pasienten har døydd av eller med covid-19.

(©NPK)