Annonse

Stabrun Smith: - Ein sterk og verdig seanse

Kommentatorkollegaen Andreas Stabrun Smith synest det var fint at så mange gode ord vart sagde om Halvard Hanevold då den tidlegare skiskyttaren vart bisett fredag.

Annonse

- Det var ei veldig sterk stund her inne i kyrkja, med veldig mange fine ord. Eg trur verkeleg at Halvard var ein fyr som det berre finst gode ord om.

- Han var ein så utruleg hyggeleg og blid kar. Han brydde seg om folk rundt seg og var ein humørspreiar, rett og slett, sa Stabrun Smith til NTB etter seremonien i Asker kyrkje.

Han seier at dei rette sidene av Hanevold kom fram under seremonien.

- Det var absolutt ein veldig verdig og fin seanse. Dei rette sidene av Halvard kom fram, og dei vart til og med litt latter oppi det tragiske. Han hadde sine sider som både han og andre flirte litt av, seier NRKs skiskyttarkommentator.

(©NPK)

NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith var fredag til stades i Halvard Hanevolds gravferd. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix.