Stadig tek flest kvinner helseutdanning

Kvinner er i fleirtal i høgare utdanning, og spesielt utdanningar innanfor helsefag bidreg til å dra tala opp.

Det er særleg pleie- og omsorgsfag og førskulelærarutdanning som bidreg til kvinnedominansen ved høgskular og universitet. Førstnemnde har ein kvinnedel på heile 85 prosent, skriv komiteen for kjønnsbalanse og mangfald i forsking, Kifinfo.

Kvinnedelen på dei største fagfelta har mykje å seie for korleis kjønnsfordelinga generelt er. Dei faga kvar kvinner er overrepresentert utgjer tre firedelar av kjønnsforskjellen, viser tal frå ei CORE-undersøking.

Forskarane Liza Reisel og Sara Seehuus ved CORE – Senter for likestillingsforsking har sett på kva som skjer viss dei største kvinnedominerte utdanningane hadde vore kjønnsjamne.

– Då ville delen kvinnelege studentar totalt vore på om lag 53 prosent. Vi ville få fram at kvinneandelen er meir komplisert, det er mykje innbakt i han. Det er stor forskjell i kor mange studentar som finst innanfor kvart fagfelt, så dei store kvinnedominerte fagfelta trekkjer opp, seier Reisel.

Samtidig som det er fleire enn nokon gong tidlegare som tek høgare utdanning, har kvinnedelen halde seg nokolunde stabil dei siste tjue åra, ifølgje Reisel.

(©NPK)

Kvinner held fram med å vere i fleirtal ved helseutdanningane. To forskarar har sett på kva som skjer om dei største kvinnedominerte utdanningane hadde vore kjønnsjamne. Foto: Gorm Kallestad / NTB

ANNONSE
Annonse