Stålverket på Jørpeland blir lagt ned

Selskapet Stavanger Steel AS på Jørpeland i Rogaland blir lagt ned til sommaren. 77 tilsette mistar jobben.

– Etter fem års drift er vurderinga til selskapet at det ikkje er grunnlag for framleis drift på lengre sikt, heiter det i ei pressemelding frå stålverksdirektør Rasmus Nordbø, som er ein av hovudeigarane. Det skriv Stavanger Aftenblad.

Selskapet Stavanger Steel vart etablert i 2017, og mellom anna låg etterspurnad og varsla kostnadsaukar er blant årsakene til at stålverket blir lagt ned.

– Dette er utruleg trist og eg tenkjer spesielt på dei tilsette og familiane deira. Dette er inga god nyheit å få, seier ordførar i Strand kommune, der stålverket ligg, Irene Heng Lauvsnes til avisa.

(©NPK)