Annonse

Staten fekk inn 116 milliardar kroner i oljeskatt i fjor

Til saman betalte 24 oljeselskap 116 milliardar kroner i petroleumsskatt i fjor. Lågare oljepris bidrog til nedgang på 31 milliardar kroner frå året før.

Annonse

Det viser tal frå skattelista for selskap på norsk kontinentalsokkel.

– Årsaka til reduksjonen er i hovudsak lågare oljepris og ein noko redusert produksjon, skriv Skatteetaten i ei pressemelding.

Oljeselskap betaler ordinær selskapsskatt på 22 prosent, pluss ein særskatt på 56 prosent på inntektene frå norsk sokkel. Marginalskattesatsen på inntektene er derfor 78 prosent.

– Oljeselskapa blir belasta med ein høg skattesats fordi dei vederlagsfritt får tilgang til å utnytte ein verdifull og avgrensa naturressurs med ekstraordinær avkasting. Når selskapsskatten har vorte redusert dei siste åra, har særskatten auka tilsvarande, slik at marginalskattesatsen heile tida har vore 78 prosent, forklarer skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

Staten refunderer skatteverdien av leitekostnader for selskap som er i underskotsposisjon. For 2019 utgjer refusjonsbeløpet 3,9 milliardar kroner fordelt på 18 selskap.

24 av totalt 54 petroleumsselskap har betalt petroleumsskatt, viser tal frå skattelista for selskap på norsk kontinentalsokkel. Fleire selskap står oppført med negativ skatt i skattelista.

– Eit negativt beløp betyr at selskapa får utbetalt pengar frå staten. Bakgrunnen for dette er to særeigne refusjonsordningar for oljeselskap, seier Schanke Funnemark.

Kva type refusjon eit negativt beløp knyter seg til, kjem likevel ikkje fram av skattelista. Refusjonane gjeld anten leitekostnader eller opphøyr av petroleumsverksemd, skriv Skatteetaten i pressemeldinga.

(©NPK)

Oversiktsbilde Johan Sverdrup feltsenter. Johan Sverdrup er det tredje største oljefeltet på norsk sokkel, med forventa ressursar på 2,7 milliardar fat oljeekvivalentar. Foto: Carina Johansen / NTB