Staten fekk inn 877 milliardar skattekroner i 2018 - opp over 8 prosent

Ved årsslutt var det betalt inn 67 milliardar kroner meir i skatt i 2018 enn året før. Det er ein auke på 8,2 prosent, melder SSB.

Tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det har vore ein auke i skatteinnbetalingane i nesten alle kategoriar, med unntak av delen til staten av fellesskatten på alminneleg inntekt som òg går til kommunar og fylkeskommunar.

Det er oljesektoren som sørgjar for mesteparten av auken, heile 45 av dei 67 milliardane i auka skatteinntekter kjem frå oljeverksemda. Grunnen til dette er at oljeprisen i store delar av 2018 har gått opp, noko som då òg aukar skatteinntektene.

Ved årsslutt utgjer skatteinntekter frå oljesektoren nesten 13 prosent av dei samla skatteinnbetalingane.

(©NPK)

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix