staten kjøper IT-tenester for sju milliardar

I 2019 brukte staten nesten sju milliardar kroner på innkjøp av IT-tenester. Statens vegvesen kjøpte IT-utviklingstenester for 700 millionar.

Det skriv Klassekampen torsdag.

Statens vegvesens kjøp av utviklingstenester står for nesten ein tidel av utgiftene til IT-innkjøp, men også store statlege etatar som Skatteetaten, Nav og Politi- og lensmannsetaten har brukt mange hundre millionar. Til saman er det brukt 4,78 milliardar kroner til innkjøp av IT-utviklingstenester og 2,18 milliardar til innkjøp av driftstenester.

Nav brukte mykje pengar på innkjøp av IT-tenester til både utvikling og drift. IT-direktøren i etaten seier Nav jobbar aktivt for å redusere talet på innleigde IT-konsulentar. Han meiner dei høge tala både kjem av storleiken på verksemda og omfanget av IT-tenestene Nav tilbyr.

– Det som kjem inn på oversikta er vedlikehald av programvare. Det er typisk at ein gjer enklare endringar for å sørgje for at programvara held seg frisk over tid, seier IT-direktør Jonas Slørdahl Skjærpe.

Konstituert administrerande direktør Fredrik Syversen i IKT Noreg meiner statlege verksemder i større grad må sikre kva dei kjøper inn.

– Det er viktig at ein har kompetanse internt til å kjøpe inn. Ein kan ikkje setje ut ting på anbod utan å ha kompetanse til å gå gjennom leverandørane, seier han.

(©NPK)

Nav er blant dei statlege verksemdene som har brukt mest pengar på innkjøp av IT-tenester.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK