Klargjør siden...

Statens vegvesen: – Vil ta fleire dagar å reinske opp rasområdet på E16

(NPK-NTB): Det vil ta fleire dagar å reinske rasområdet i samband med steinraset på E16 ved Gudvangen i Sogn og Fjordane tysdag. Vegen er stengd på ubestemt tid.

– No har vi fått vekk det som er laust i fjellsida, og når vi veit at det er trygt å arbeide på vegen, startar oppryddinga av vegbanen. Der må vi sprenge dei store steinblokkane og køyre vekk rasmassane, seier fungerande avdelingsdirektør Ingar Hals i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane til Bergensavisen.

Hals meiner arbeidet vil ta tre dagar.

E16 i Nærøydalen mellom Voss og Gudvangen er stengd på ubestemt tid etter at rundt 300 meter av vegbanen blei råka av eit større steinras i 17-tida tysdag.

Onsdag morgon starta sikringsarbeidet, der det i starten kjem til å bli brukt helikopter for å spyla fjellsida for eventuelle lause massar og steinar.

Ingen personar blei skadde, men det er ein del skadar på vegbanen, opplyser Vegvesenet. Ifølgje Sogn Avis er enkelte steinblokker så store som ein personbil.

Statens vegvesen opplyser at det er fare for nye ras, men at det ikkje blei observert fleire ras natt til onsdag.

E16 ved Stalheimstunnelen i vest og Flenjatunnelen i aust er stengt på ubestemt tid. Omkøyringa er via riksveg 7 over Hardangervidda, E134 over Haukelifjell eller riksveg 13 over Vikafjellet. (©NPK)

Annonse