Annonse

Statens vegvesen avlyser Rogfast-kontrakt

Statens vegvesen avlyser konkurransen om Kvitsøy-kontrakten i Rogfast-prosjektet. No krev fylkesordføraren i Rogaland svar.

Annonse

Rogfast-prosjektet skal sikre ferjefritt vegsamband på E39 mellom nord og sør i Rogaland under Boknafjorden. Den såkalla Kvitsøy-kontrakten går ut på å kople Kvitsøy til Rogfast.

I juli vart det klart at Vegvesenet berre hadde éin kvalifisert tilbydar etter konkurransen om Kvitsøy-kontrakten. Den tilbodne prisen var på omtrent 1 milliard kroner meir enn det Vegvesenet hadde rekna med.

- Vi har gjort ei vurdering som viser at det er ein risiko for at prosjektet som heilskap ikkje kan gjennomførast innanfor rammene som er sette. Dette pliktar vi å legge fram for Samferdselsdepartementet, seier vegdirektør Bjørne Grimsrud i ei pressemelding.

Kvitsøy-kontrakten er eit prosjekt med store tekniske utfordringar, ifølgje Vegvesenet. Rogfast skal ha ein 26,7 kilometer lang undersjøisk tunnel, som blir den lengste og djupaste undersjøiske tunnelen i verda. Kvitsøy-kontrakten omfattar ein tredel av denne.

Rogalands nye fylkesordførar Marianne Chesak (Ap) etterlyser no svar på korleis den tilbodne prisen kan bli éin milliard kroner over anslaget.

- Viss denne traseen blir over éin milliard dyrare, kva med dei andre? Vi treng ein full gjennomgang av heile prosjektet for å unngå at dette skjer igjen, seier Chesak til Rogalands Avis. Ho understrekar at ho ikkje vil ta til orde for å skrote prosjektet.

(©NPK)