Statlege tilsette skal få jobbe frå «distrikts-hubbar» over heile Noreg

Venstre og regjeringa skal leggje til rette for «stadsuavhengige arbeidsplassar» på alle nivå i staten.

Forslaget kom frå Venstre-ordførar Alfred Bjørlo i Stad kommune, som ville innføre «flytterett til eigen jobb».

Målet er å leggje til rette for at statlege tilsette kan arbeide frå «distrikts-hubbar» over heile Noreg – ikkje berre frå hovudkontorbygg i større byar. Tiltaket er ein del av distriktsstrategiane regjeringa skal leggje fram.

– Dette er ein Venstre-siger som vil bety enormt mykje for fridommen til folk til å velje kvar dei skal leve livet sitt, seier Bjørlo i ei pressemelding.

(©NPK)

Venstres Alfred Bjørlo vil at det skal bli lettare for statstilsette å jobbe frå distriktet.
Foto: Geir Olsen / NTB