Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Statoil har inngått ein avtale om å overta oljeselskapet JX Nippons eigardel og operatørskapet for den britiske lisensen for Utgard-feltet.
npk@npk.no
Publisert: 03.06.2016 kl 09:54
JX Nippons eigardel er på 45 prosent. Etter at Statoil overtok eigardelar i den britiske lisensen P312 frå First Oil i oktober i fjor og Talisman Sinopec i desember, betyr transaksjonen at selskapet aukar sin eigardel i lisensen til 100 prosent.
Statoil er frå før operatør for lisens PL046 på norsk sokkel med ein eigardel på 62 prosent.
Utgard-feltet var tidlegare kjent som Alfa Sentral. Det er eit gass- og kondensatfelt som strekker seg over delelinja mellom Storbritannia og Noreg. Feltet er planlagt utbygd med tilknyting til eksisterande infrastruktur på norsk sokkel.
Eit endeleg investeringsvedtak for Utgard er planlagt før utgangen av 2016, med produksjonsstart i 2020. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.