Annonse

Statsforvaltaren vurderer tilsyn ved Bredtveit fengsel etter sjølvmord

Statsforvaltaren i Oslo og Viken vurderer tilsyn ved Bredtveit fengsel etter at ei kvinne tok livet sitt på fellesarealet 11. mars i år.

Det stadfestar assisterande avdelingsdirektør i helseavdelinga hos Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Thea Marie Lindquist Belseth, til VG.

Statsforvaltaren fekk i dag eit varsel frå Helsetilsynet om sjølvmordet.

– Vi vil no gå gjennom opplysningane vi har fått, og vurdere om vi finn grunnlag for vidare tilsynsmessig oppfølging, skriv Lindquist Belseth til avisa.

Det har den siste tida vore aukande bekymring for situasjonen i Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt. I februar vart det kjent at innsette vart akuttflytta til ei avdeling ved Ullersmo fengsel.

Sivilombodet besøkte tidlegare i mars kvinnefengselet og har lova ein rapport frå besøket.

(©NPK)

Statsforvaltaren vurderer å opne tilsyn etter at ei kvinne tok livet sitt på Bredtveit fengsel 11. mars i år. Foto: Heiko Junge / NTB