Theresa May går av etter brexitkollaps

Theresa May mislykkast fullstendig i det siste forsøket sitt på å få brexit igjennom i Parlamentet. No har ho bestemt seg for å overlate roret til nokon andre.

Den britiske statsministeren kunngjorde avgangen sin i ein kjensleladd tale fredag formiddag.

- Det er no klart for meg at det er det beste for landet at ein ny statsminister leier innsatsen. Så eg kunngjer i dag at eg vil gå av som leiar for det konservative partiet fredag 7. juni, slik at ein etterfølgjar kan veljast, sa May utanfor statsministerbustaden i Downing Street.

Ho la til at ho vil halde fram som fungerande statsminister til valprosessen er fullført.

- Det er og kjem alltid til å vere ei stor sorg for meg at eg ikkje var i stand til å levere brexit, sa May.

Mislykka

Den 62 år gamle prestedottera forklarte at ho har gjort sitt aller beste for å prøve å få dei folkevalde i Underhuset til å støtte utmeldingsavtalen ho forhandla fram med EU i fjor.

- Dessverre fekk eg det ikkje til. Eg prøvde tre gonger, sa May.

Tidlegare denne veka tok ho òg initiativ til eit fjerde forsøk. Men det kollapsa allereie før detaljane vart lagde fram.

No blir det opp til etterfølgjaren å fullføre prosessen. Det vil krevje kompromiss på alle sider, åtvara May i avskjedstalen sin.

Kjensleutbrot

Så brast stemma, og tårene tvinga seg fram.

- Eg vil om kort tid forlate jobben som det har vore den største æra i mitt liv å ha. Den andre kvinnelege statsministeren, men heilt sikkert ikkje den siste, sa May.

- Eg gjer det utan å vere bitter, men eg er enormt og varig takksam over å ha fått sjansen til å tene landet eg elskar.

Leiarkamp

Mays farvel er startskotet for det som ligg an til å kunne bli ein tøff leiarkamp i det konservative partiet.

Planen er at den nye leiaren skal overta som statsminister innan 20. juli.

Favoritten er Boris Johnson, den lyslugga tidlegare utanriksministeren som var ein av frontfigurane i kampen for å Storbritannia ut av EU, og som no er den klart meste populære kandidaten på grasrota i partiet.

Men Johnson er òg ein kandidat som splittar toryane djupt.

Kontroversiell

Jan Erik Mustad, som er førstelektor ved Universitetet i Agder og ekspert på britisk politikk, stemplar Johnson som «det verst tenkelege alternativet».

- Johnson er politisk kontroversiell, har ei lemfeldig haldning til sanninga og er heilt blotta for historieforståing, seier Mustad til NTB.

- Men han kan bli vald, seier han.

Om May seier Mustad at ho går av «med verdigheit».

- Som statsminister gjennom desse tre åra har ho hatt ei nesten umogleg oppgåve, konstaterer han.

Varme helsingar strøymde òg inn frå konservative partifellar og frå internasjonale leiarar etter kunngjeringa fredag.

Brexitfloke

Den viktigaste oppgåva til den neste leiaren blir å nøste opp i ein brexitprosess som har floka seg fullstendig til for britane.

EU-skilsmissa er no utsett til 31. oktober, men kan fort bli utsett endå ein gong viss inga ny løysing kjem på plass.

Men med ein ny leiar på plass kan også «no deal» bli eit alternativ igjen.

Det gjeld særleg viss toryane vel ein av dei meir kompromisslause brexitforkjemparane til å overta - medan EU seier nei til å reforhandle avtalen.

Storbritannias statsminister Theresa May klarte ikke å halde tilbake tårene da ho kunngjorde sin avgang fredag. Foto: AP / NTB scanpix

Theresa May da ho overtok som statsminister i juli 2016 og da ho kunngjorde sin avgang fredag. Foto: AP / NTB scanpix