Annonse

Statsministeren: Frode Berg kjem heim så snart det er praktisk mogleg

Frode Berg er i Litauen saman med advokaten sin og representantar for norske styresmakter. - Han kjem heim så snart som praktisk mogleg, seier statsministeren.

Annonse

Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Ine Eriksen Søreide kommenterte overleveringa av spionasjedømde Frode Berg fredag på ein pressekonferanse same kveld.

- Frode Berg er no ein fri mann. Han har sete fengsla i to år før han vart benåda av Russland og utveksla klokka 11 i dag, sa statsministeren.

Norske styresmakter kjem til å følgje han til Noreg når han ønskjer å reise heim. Førebels er det uvisst nøyaktig når det skal skje.

- Han kjem heim så snart som praktisk mogleg, sa Solberg

Ønskte han velkommen

Solberg sa ho sjølv hadde snakka med Frode Berg og ønskte han velkommen heim.

- Denne saka har vore ei stor belastning for Frode Berg, familien hans og dei næraste. Han vil no møte familien sin igjen. Han har hatt to vanskelege år i fengsel, og det er godt at han no er ein fri mann, sa ho.

Berg vart møtt av den norske diplomaten Karsten Klepsvik og den norske advokaten sin, Brynjulf Risnes, då han kryssa grensa mellom Kaliningrad og Litauen fredag formiddag, opplyste utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

- Det blir òg sørgd for nødvendig oppfølging, både med helsesjekk og utferding av pass til han, sa ho.

Tett kontakt

Statsministeren sa at styresmaktene gjennom den norske ambassaden i Moskva har følgt han opp for å gjere soningsforholda hans best mogleg.

- Ambassaden har hatt så tett kontakt med Berg som russiske styresmakter har gitt rom for, sa Solberg.

Søreide roste samarbeidet mellom Noreg og Litauen i denne saka.

- Det er opp til han når han vil reise heim, men vi vil hjelpe han viss han har behov for det, og vi stiller til rådvelde transport heim viss han ønskjer det, sa ho.

Statsminister Erna Solberg (H) og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) held pressekonferanse om overleveringa av spiondømde Frode Berg i representasjonsanlegget til regjeringa i Oslo fredag kveld. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix