Statsministeren i Kosovo går av etter å ha vorte innkalla til krigsforbrytardomstolen i Haag

Statsminister Ramush Haradinaj i Kosovo trekker seg etter å ha vorte innkalla av ein krigsforbrytardomstol i Haag. Han var tidlegare kommandant i KLA.

Den 51 år gamle Haradinaj opplyser at han har vorte innkalla og fekk valet mellom å møte som statsminister eller vanleg borgar av Kosovo. Han valde det siste.

Krigsforbrytardomstolen i Haag vart oppretta på initiativ frå EU i 2015 for å gå gjennom påstandar om overgrep frå Kosovos frigjeringshær (KLA) mot serbarar, romfolk og kosovoalbanarar under og etter krigen i 1998-99.

Haradinaj seier det no er opp til presidenten å utskrive nyval, og at han sjølv vil stille igjen, dersom folket ønsker det.

- Eg er innkalla for å svare på spørsmål, eg er ikkje tiltalt, seier den avtroppande statsministeren.

(©NPK)