Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Skuleskipet Statsraad Lehmkuhl har god vind i segla etter å ha tatt to av to moglege etappesigrar i Tall Ship Races.
npk@npk.no
Publisert: 29.07.2016 kl 19:33
Den andre etappen gjekk frå den portugisiske hovudstaden Lisboa til Cádiz i Spania, skriv Bergensavisen.
– To fyrsteplassar under Tall Ships' Races betyr veldig mykje ekstra merksemd internasjonalt og gjer oss alle veldig stolte, heiter det på skipet si Facebook-side.
Det største og eldste skværriggete seglskipet i Noreg seglde òg inn til fyrsteplass på den fyrste etappen, som gjekk frå Antwerpen til Lisboa.
Siste regattaetappe går frå Cádiz, som ligg på den spanske sørkysten, til La Coruña, heilt nord i Spania, frå 11. til 14. august. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.