Annonse

Stavanger-ordførar vil ikkje fjerne omdiskutert bronseplate

Islamsk fellesråd har bedt kommunen fjerne, eller endre plata tileigna fredsprisvinnar Muhammad Yunus fordi han deler namn med profeten. Ordføraren seier nei.

Talsperson Summar Ejaz i Islamsk fellesråd meiner det er problematisk at folk kan tråkke på namnet til profeten i Stavanger sentrum.

Det har fått fleire til å reagere, mellom dei religionshistorikar og islamekspert Kari Vogt, som er sikker på at synet ikkje er likt oppfatninga til alle muslimar.

Ordførar Christine Sagen Helgø (H) seier til Rogalands Avis at ho så langt berre har fått éin førespurnad om bronseplata. Ho meiner installasjonen er langt innanfor ytringsfridommen.

- Han skal handle om fredsprisvinnarane og har inga tilknyting til profeten Muhammad. Ut ifrå den informasjonen eg har, ser eg ingen grunn til at installasjonen skal endrast, seier Sagen Helgø til avisa.

- Samtidig imøtekjem eg alltid førespurnader om møte. Eg opnar naturlegvis for at dei kan komme med synspunkta sine, seier ho til avisa.

(©NPK)

Fredsprisvinnar Muhammad Yunus er hylla med ei bronseplate i Stavanger sentrum. Men fordi han deler namn med profeten, vil Islamsk Fellesråd fjerne, eller endre plata på bakkeplan. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix