Stefan Johansen klar for QPR

Midtbanespelar Stefan Johansen (30) er klar for Queens Park Rangers. Landslagsspelaren blir leigd ut frå Fulham ut sesongen.

QPR stadfestar utlånet på nettsidene sine. Leigeavtalen gjeld ut sesongen.

Johansen fekk ikkje plass i Fulhams Premier League-tropp denne sesongen. Han har sidan vore på jakt etter ein ny klubb for å få speletid. Johansen, som var kaptein då Lars Lagerbäck var norsk landslagssjef, må byrje å få kampar for å bli teken inn under vengene til den nye sjefen Ståle Solbakken.

1. oktober spelte Johansen 90 minutt for Fulham i åttedelsfinalen i ligacupen mot Brentford. Sidan den gong har han ikkje vore å sjå for London-klubben. Det har vorte 142 kampar, 21 mål og 23 målgivande pasningar for Johansen sidan han vart signert i august 2016.

QPR ligg på 17.-plass i meisterskapsserien (nivå to), sju poeng over nedrykksstreken.

Johansen starta karrieren i Bodø/Glimt før han gjekk vidare til Strømsgodset der han fekk gjennombrotet sitt. Deretter stod Celtic for tur før Fulham vart neste stoppestad i 2016. Sidan då har han òg eit leigeopphald i West Bromwich Albion.

(©NPK)

Stefan Johansen skal spele for Queens Park Rangers ut sesongen. Foto: Fredrik Varfjell / NTB