Annonse

Stefan Löfven (S) vil prøve å danne regjering i Sverige

Sosialdemokraternas leiar Stefan Löfven er klar til å ta neste etappe i stafetten om å danne ny regjering i Sverige.

Måndag morgon gav han Riksdagens talmann, som svarar til vår stortingspresident, beskjed om at han tar på seg oppdraget. Löfven ser ut til å ha planen klar.

- Det beste for Sverige ville vere eit blokkoverskridande samarbeid. Eg står til disposisjon for talmannen med å leie prosessen og komme fram til ei slik løysing, sa Löfven på ein pressekonferanse like etter møtet med talmannen.

Stefan Löfven (S) har tatt på seg oppdraget med å danne ny regjering i Sverige. Måndag fekk Riksdagens talman Andreas Norlén beskjed. Foto: Fredrik Persson/TT / NTB scanpix