Annonse

Stengde Thailand smugstartar turistsesongen

Thailands enorme turistindustri har vore nedstengd sidan pandemien braut laus. No er 39 turistar frå Shanghai i landet i ei mjuk opning av turistsesongen.

Thailand er eit populært ferieland, ikkje berre for oss nordbuarar. Men sidan april har det vore tilnærma full stopp i fritidsreisa til landet.

No byrjar grensene så smått å opne. I første omgang gjeld det langtidsturistar, og det er innført krav om to veker med karantene. Den første veka ein vere på hotellrommet, før ein i veke to får lov til å gå rundt i hotellet, utan å forlate det.

Samtidig skal turistane testa regelmessig for koronavirus. Tysdag kveld kom den første gruppa, 39 turistar frå Kina. Også neste gruppe som er venta å komme til Thailand er frå Kina, 150 personar frå Guangzhou blir venta å komme til Thailand neste veke.

Turistminister Phiphat Ratchakitprakarn seier at Thailand håpar gradvis å kunne opne opp meir.

– Vinteren nærmar seg, så fleire turistar frå europeiske land, USA, Sør-Korea og Japan har òg lyst til å komme på besøk, seier ministeren til PBS.

(©NPK)

Thailand er så smått i gang med å opne opp for turistar igjen.
Foto: Berit Keilen / NTB