Sterk kvinnevekst i norsk idrett

Medlemstalet i norsk idrett auka med 80.000 frå 2011 til 2017, viser ein fersk rapport. Kvinner står for 60 prosent av veksten.

Idrettspresident Tom Tvedt gler seg over tala i den såkalla Nøkkeltalsrapporten, både oppgangen i medlemstal og i idrettsaktiviteten generelt.

- Spesielt gledeleg med så mange fleire jenter og kvinner, seier Tvedt, som i ei pressemelding opplyser at Noregs Idrettsforbund (NIF) har eit langsiktig mål om å engasjere fleire kvinner og unge i trenar- og leiarroller.

Ved utgangen av 2017 var det registrert 1.926.301 medlemmer i dei ordinære idrettslaga. Av desse var 789.540 kvinner, det vil seie 40 prosent, opplyser NIF.

Dei siste seks åra har talet på kvinner i norsk idrett auka med 48.409.

Med unntak av dei heilt yngste under fem år, har både kvinnene vorte fleire både i faste fal og prosentuelt i alle aldersgrupper.

- Då er det hyggeleg å konstatere at det gror godt på grasrota. Det er der vi må byrje, seier Tvedt.

(©NPK)

Kvinnedelen i norsk idrett utgjer 60 prosent av medlemsveksten i idretten. Illustrasjonsfoto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix