Sterke reaksjonar på VAR-avgjerd

Franske medium kallar det ein skammeleg siger. VAR-avgjerda som kanskje sender Nigeria ut av VM, får mange til å riste på hovudet.

Nigeria heldt nullen mot VM-favoritten Frankrike i nesten 80 minutt i Noregs gruppe A. Då fekk Frankrike ein tilsynelatande korrekt dømt straffe, og Ngozi Ebere vart like korrekt utvist. Men så byrja kaoset.

Wendie Renard tok straffesparket og sette ballen i stolpen. Men i øyret til dommar Melissa Borjas fortalde VAR-dommarane i bussen utanfor at keeper Chiamaka Nnadozie hadde flytta seg frå streken for tidleg. Renard fekk ein ny sjanse og scora.

Frankrike var allereie klare for åttedelsfinale før kampen mot Nigeria, som tapte for Noreg.

- Frankrike er eit bra lag som ikkje treng hjelp for å vinne. Eg er svært skuffa. Jentene følgde kampplanen til punkt og prikke, men så blir det øydelagt av nokon vi ikkje er så glade i, sa Nigerias trenar Thomas Dennerby etter kampen.

Sjølv i franske medium var det sterke reaksjonar på avgjerda som kanskje sender Nigeria ut av VM.

- Dette var ein skammeleg siger, fordi måten han kom på strir mot ideen og historia til fotballen, skriv Vincent Duluc i sportsavisa L'Équipe.

Han meiner det ikkje tener Frankrike at tvilsame dommaravgjerder går i deira favør og skaper inntrykk av heimedømming. I den samanhengen nemner han straffesparket Frankrike fekk mot Noreg etter ei VAR-avgjerd, ei avgjerd han òg meiner var tvilsam.

Nigeria må vente på resten av kampane i gruppespelet før det blir avgjort om laget med sine tre poeng blir blant dei fire beste trearane, eller om spelarane og trenar Dennerby må setje seg på flyet heim.

(©NPK)

Nigeria-spelarane protesterte kraftig da dommaren gav Frankrike ein ny sjanse til å score på straffe i oppgjeret måndag. Foto: AP / Vincent Michel / NTB scanpix.