Annonse

Stine Hovland bidrog til Milan-siger over Andrine Hegerberg og Roma

Milan-spelar Stine Hovland skaffa hjørnesparket som resulterte i 3–2-siger over Andrine Hegerberg og Roma i den italienske Serie A måndag.

Annonse

Skåringa til islendingen Berglind Thorvaldsdóttir fullførte snuoperasjonen for Milano-klubben like før full tid.

Likevel kunne det fort ha vorte ein norsk midtstoppar som avgjorde oppgjeret. Hovland fekk ein svær sjanse frå sju meter, men sisteskansen til Roma varta opp med ei praktredning frå Camelia Ceasar.

Redninga resulterte derimot i eit hjørnespark som Thorvaldsdóttir til slutt heada i mål etter fleire Milan-sjansar. Det var det andre målet til islendingen i kampen.

Hegerberg-sjanse

Andrine Hegerberg starta på benken for Roma, men vart bytt inn allereie etter eit kvarter ettersom Manuela Giugliano vart skadd.

Hegerberg var farleg frampå med eit skot ti minutt etter pause, då Roma leidde 2–0, men ballen enda til side for mål.

Sigeren gjer at Hovland og Milan no er eitt poeng bak Roma på tredjeplass. Milano-klubben har samtidig éin kamp mindre spelt enn resten av topplaga.

Ness og Empoli på sjuandeplass

Etter tolv rundar leier Juventus ligaen med 34 poeng. Avstanden ned til Roma og Milano er på høvesvis ti og elleve poeng.

Vårin Ness og Empoli har sjuandeplassen. Kaupanger-kvinna fekk åtte minutt i 1–2-kampen mot serieleiar Juventus søndag.

(©NPK)

Stine Hovland og Milan slo Roma 3–2 måndag. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Roma-spelar Andrine Hegerberg spelte 75 minutt i 2–3-kampen mot Milan måndag. Foto: Berit Roald / NTB scanpix