Annonse

Stiv kuling i MDG-debatt om vindkraft

Sentrale MDG-politikarar vil avgrense utbygginga av vindkraft på land, men Grøn Ungdom tar kraftig til motmæle: - Vi kan ikkje seie nei til fornybar energi.

Annonse

Landsmøtet i partiet i helga skal behandle forslaget om å avgrense vindkraftutbygginga på land og konsentrere henne til område der det alt er industri.

- Viss vi skal få nullutslepp i 2050 og unngå å sende millionar av menneske på klimaflukt, må verda produsere fire-fem gonger så mykje fornybar energi som i dag, seier talsperson for Grøn Ungdom Teodor Bruu til NTB.

- Det er ei enorm oppgåve og krev at alle land gjer sitt. Det beste bidraget vårt er vindkrafta, legg han til.

Kjernen i saka er i kva grad klimaeffekten frå landbasert vindkraft er verd dei store kostnadene i form av naturinngrep.

- Vi kan ikkje bli så opptatt av eigne fjellknausar, at vi gløymer det store bildet, åtvarar Bruu.

Grøn Ungdom har òg tatt til orde for kjernekraft som ein del av klimaløysinga, men forslaget skal ikkje behandlast på landsmøtet.

Mindre skala

Erik Reitan frå MDG i Bergen, som står bak vindkraftresolusjonen, peikar på at urørt natur alt i dag er under press frå kraftlinjer, hytter og snøscooterar.

- Når vi ser det høge konfliktnivået i desse utbyggingane, er det vanskeleg å sjå for seg at dette kan skalerast opp til eit volum som verkeleg kan monne i europeisk klimasamanheng, sa han til NTB nyleg.

- Det er ikkje dermed sagt at landbasert vindkraft ikkje er ein del av klimaløysinga. Men her i Noreg bør det skje i mindre skala, i område som alt er prega av industri eller langs motorvegar og liknande, meiner han.

I forslaget heiter det at landbasert vindkraft kjem til å akselerere nedbygginga av norsk natur gjennom uopprettelege inngrep i form av anleggsvegar, snurrande rotorblad som truar dyreliv, og installasjonar som er godt synlege over avstandar opp mot 50 kilometer.

Bygge ut «ein god del»

Grøn Ungdom peikar på at det er nødvendig å ha eit «balansert syn» på vindkraftutbygging for å løyse både klimakrisa og naturkrisa.

- Det inneber at vi må bygge ut ein god del. Å seie nei til all vindkraft er å gi opp å løyse klimakrisa, seier Hulda Holtvedt, som til liks med Bruu er nasjonal talsperson for Grøn Ungdom.

- Sjølvsagt er det mange område som må vernast frå vindkraftutbygging, men langt frå alle. Det er viktig å ha med seg at god klimapolitikk er det beste naturvernet. Viss vi ikkje når 1,5-gradersmålet, vil til dømes nesten alle dei tropiske korallreva forsvinne, seier Holtvedt.

Fleire rapportar har den siste tida slått alarm om tap av naturmangfald. Ein rapport frå FNs naturpanel slo nyleg fast at éin million av rundt åtte millionar dyre- og planteartar er trua av utrydding - fleire enn på noko tidspunkt i menneskehistoria.

(©NPK)

Teodor Bruu i Grøn Ungdom er skeptisk til eit MDG-forslag om å avgrense utbygginga av vindkraft på land. Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix