Annonse

Stjerneskotet Braathen tvilte på veg mot comeback: – Uverkeleg

Lucas Braathen (21) er tilbake etter skrekkfallet i Adelboden. Eitt år etter sigeren i Sölden har tips frå Aksel Lund Svindal gjort at den nesten er gløymd.

Søndag set Braathen utfor i storslalåmrennet i Sölden i Austerrike, og det markerer sesongopninga i alpint. Då er det over ti månader sidan han skadde leddbandet i det venstre kneet sitt, og vegen tilbake har vore lang og tøff.

Braathens første store tilbakefall i den korte, men relativt innhaldsrike karrieren sin fekk han til å tenkje på om all jobben var verd det. I eit digitalt pressemøte snakkar han om uvissa ein stiller seg når ein satsar alt på ein idrettskarriere.

– Kor stor har tvilen vore?

– Den har vore veldig til stades, seier han til NTB og tek seg ein tenkjepause.

– Ein ligg i ei seng, kan ikkje gå på do, kan ikkje hente maten sjølv. Så sit du og ser på skirenn på TV der folks kne går i alle retningar, ski slår overalt, og ein jagar ned dei sjukaste fjellsidene i verda – då kjenner ein det er ganske håplaust. Når ein har moglegheit til å gå på alle ski-college overalt, frå det beste akademiske, det beste sportslege og alt mogleg. Det går ikkje an at det ikkje kryssar tankane. Det har vore nokon netter med det, ja, forklarer han.

Verd det

Samtidig fortel han om alt han har lært undervegs, og at det gjekk greitt å vende tankane mot comeback.

– I botnen av dei periodane lærer ein så utruleg mykje. Det blir ein liten «rus» i den perioden.

– Men det skal veldig mykje til for at det veg opp for alt du har stått i for at du endar opp i ein situasjon der du får køyre på eit norsk landslag, vere med i verdscupen og får kjempe mot verdstoppen. Det har kosta altfor mykje til å gi seg ved éin litt småbratt motbakke. Det vog alltid opp på rett side, seier Braathen om tvilen.

Også den jamgamle lagkameraten Atle Lie McGrath skadde seg i same renn som Braathen. Han er tilbake i aksjon når verdscupsirkuset opnar på Rettenbachbreen i Austerrike.

– Det er ganske uverkeleg at vi er her, seier Braathen og held fram:

– Endå meir uverkeleg er det at eg kjenner kneet ikkje er ein så stor faktor når eg køyrer på ski om dagen. Det å ha eit så fantastisk team rundt meg og ei suksessrik rehabilitering, er ganske fantastisk.

Råd frå Svindal og Jansrud

Braathen møter pressa på dagen nøyaktig eitt år etter at han tok den første – og hittil einaste – verdscupsigeren sin i Sölden.

På spørsmål om ungguten har spelt av jubeldagen frå i fjor i hovudet mange gonger under rehabiliteringa, svarer han:

– Nei, den rake motsetninga. Eg fekk veldig fine tips frå veldig erfarne menneske rundt meg. Mellom anna Aksel (Lund Svindal) og Kjetil (Jansrud) om kvar ein skal leggje hovudet i ein sånn periode. Det gjentakande tipset frå dei var å komme seg vekk frå sporten og ikkje bli låst i ei verd du ikkje kan vere i uansett.

No står att eit par oppkøyringsdagar i Italia før kursen blir sett mot Austerrike.

– Dei siste dagane har det nok vore meir eit tema for skallen, seier Braathen om fjorårets verdscupsiger han skal prøve å attskape.

(©NPK)

Alpinist Lucas Braathen er tilbake. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Lucas Braathen og Atle Lie McGrath blei i januar operert av lege Marc Strauss. No er dei tilbake og klare for storslalåm i Sölden. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB