Annonse

Stole kunstverk funne skjult i vegg i Italia

Over tjue år etter at det vart stole, er måleriet «Portrett av ei kvinne» av Gustav Klimt funne skjult i ein vegg i eit italiensk museum.

Måleriet vart tilfeldigvis oppdaga av gartnarar i desember.

Det låg skjult inne i ein grop i ein yttervegg ved Galleria d'arte moderna Ricci Oddi i Piacenza i Nord-Italia.

Fredag kunne statsadvokat Ornella Chicca kunngjere at måleriet er ekte.

Austerrikaren Klimt måla biletet i 1916–17. Det vart kjøpt inn av museet i Piacenza i 1925, men forsvann i februar 1997 medan bygningen vart pussa opp.

(©NPK)