Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Det blir ikkje noko treff med Russland før NATO-toppmøtet denne veka, men Jens Stoltenberg håper det skal skje like etter.
npk@npk.no
Publisert: 04.07.2016 kl 13:52
– Vi planlegg å ha eit møte i Nato-Russland-rådet like etter toppmøtet vårt i Warszawa. Nøyaktig tidspunkt og dagsorden er ikkje bestemt enno, seier Stoltenberg til pressen i Brussel.
Han har tidlegare gjort det klart at alliansen jobba for eit møte med russarane før NATO-toppmøtet i den polske hovudstaden fredag og laurdag. Men det har ikkje vore mogleg å bli samd med Russland om tidspunkt og dagsorden tidsnok.
– Det spelar ikkje så stor rolle om det skjer like før eller like etter toppmøtet, det viktige er at det finn stad. Nato-Russland-rådet er eit nyttig instrument, seier Stoltenberg.
Forholdet mellom Nato og Russland er framleis iskaldt. Det såkalla Nato-Russland-rådet heldt sitt første møte på nesten to år i april, og konklusjonen då var at partane framleis står langt frå kvarandre. (©NPK)